Biografi
«Eg vil leve i, med og for musikken.»

Lina Haug Randen kjem frå Vågå i Gudbrandsdalen, der fjella, språket og forteljingane har vore ein naturleg del av oppveksten. Med røter djupt planta i Vågåmålet og stor kjærleik for musikk og kunst, har ho dei siste åra vakse fram som ei spennande ung stemme i norsk pop og visepop.
Songen kom tidleg inn i livet. Gjennom kulturskulen fekk ho utforske piano, dans og song, og allereie som tolvåring fann ho det som skulle bli den store lidenskapen – låtskrivinga. Etter musikklinja på Vinstra vidaregåande skule gjekk vegen vidare til Universitetet i Agder, der ho har fullført bachelor i utøvande rytmisk musikk med spesialisering i låtskriving. Nå står ein master i rytmisk musikk, med vokal som hovedinstrument, for tur.
Det var då ho byrja å skrive på dialekt at noko fall på plass. Dialekta vart ikkje berre eit språk, men ein måte å fortelje på. Gjennom songane sine skriv Lina Haug om det nære og det allmenne; om kjærleik, lengsel, sakn, oppvekst og det å finne sin plass i verda. Med varme, humor og eit blikk for dei små detaljane, skaper ho musikk som ho håpar folk kan kjenne seg att i.
Sidan debuten med «Iskrystall» i 2022 har Lina gjeve ut ei rekkje singlar, mellom anna «Eillers takk», «Åver» og «Det gamle land» – ei hylling til kulturarven og naturen. I 2024 kom debut-EP-en «Alt e vil», der ho saman med det faste bandet sitt sette ord og tonar til alt det ein ung vaksen kan kjenne på – frå store kjensler til ein heilt vanleg trong til taco.
I Kristiansand fann ho ikkje berre eit studium, men òg musikalske medspelarar som har vorte ein fast del av prosjektet. Saman med bandet og sin faste produsent har Lina Haug utvikla eit uttrykk som kombinerer vise, pop og folkemusikalske impulsar, alltid med historia og teksten i sentrum.
2026 vart eit år med mange milepålar. Heile landet fekk møte Lina gjennom deltakinga i The Voice, der ho song på klingande vågåmål og vart ein del av Team Ingebjørg. Same året vart ho tildelt både Drømmestipendet og Dialekt- og målprisen frå Mållaget Ivar Kleiven – ei anerkjenning av arbeidet hennar med å løfte fram dialekta og identiteten gjennom musikken.
Lina har stått på stadig større scener, frå festivalar som Rondaståk, Jærnåttå og Byfesten på Vinstra, til eigne konsertar i heimbygda. Likevel er det framleis det same som driv henne: ønsket om å skrive songar som kan få folk til å kjenne seg litt mindre åleine, litt meir heime, og kanskje sjå det vakre i det som allereie finst rundt oss.
For Lina går musikken og språket hand i hand. Det handlar om røter, om fellesskap – og om å skape rom for alle dei kjenslene som høyrer livet til.

