← Alle pressemeldingar

4. oktober 2026

Etteklang - EP

23. oktober slepp Lina Haug sin andre EP, med heile 8 spor!

Lina ved vannet

Lina Haug slepp EP-en Etteklang den 23. oktober – eit personleg og heilskapleg prosjekt om det som blir verande i oss lenge etter at menneske, opplevingar og augneblikk har passert.

Etter fleire singelslepp gjennom hausten er Lina Haug frå Vågå klar med si andre EP. Etteklang er hennar mest gjennomarbeidde prosjekt til no, og samlar låtar om glede, lengsel, kjærleik, uro, sorg, håp og det å finne vegen heim.

For Lina handlar Etteklang om det som blir verande.

Akkurat som ein tone held fram med å klinge i eit rom etter at han er spelt, meiner ho at menneske, opplevingar og val held fram med å leve i oss lenge etter at augneblikket er over.

– «Etteklang handlar om det som blir verande. Akkurat som ein tone fortset å klinge i eit rom etter at han er spelt, trur eg opplevingar, menneske og augneblikk held fram med å leve i oss lenge etter at dei har skjedd. Eg håpar musikken kan gjere det same – at han blir verande litt hjå lyttaren, også etter at siste tonen har stilna.»

EP'en rommar alt frå glede og forventning, til sorg og heimlengsel.

Etteklang er bygd opp som ei samanhengande reise, der låtane er plasserte i ei bestemt rekkefølgje for å fortelje ei historie.

Reisa opnar med «Håpe på meir», som set tonen for prosjektet med håp, forventning og ønsket om å våge og håpe.

Derfrå går Lina inn i «Ro», som handlar om å miste seg sjølv i alt ein skal gjere og vera, og om lengselen etter å finne ein stad der ein kan kjenne at ein høyrer til. Singelen «Ro» blei lista på New Music Friday, Plata Fredag og Ny Pop på Spotify.

Så kjem «La me finne», duetten med Herman Lie. Låta handlar om å leite etter vegen vidare og om å finne fram til det som verkeleg betyr noko. Herman si djupe, varme stemme møter Lina sitt uttrykk og hennar karakteristiske vågåmål. Låta markerer også Herman si første utgiving på norsk, og blei lista på New Music Friday Norway, Plata Fredag og NRK P1.

Etter dette kjem «I ettekant, i ettetid», eit interludium som gir eit lite pusterom før EP-en går inn i si mest sårbare del.

«Finaste e har» handlar om sorg, men aller mest om kjærleik – og om å gå vidare utan å leggje dei ein har mista bak seg. Det er Lina si mest personlege låt til no, og blei spelt inn i eit tidlegare kapell som no er gjort om til studio. Innspelinga var ein del av premien Lina og bandet vann då dei tok sigeren i Jærnåttå Uhøyrt i 2025. Denne låta vart og lista på New Music Friday, og har hausta flotte ord frå PULS, eit av dei ledande nettmagasina i Skandinavia for ny musikk.

Etter «Finaste e har» kjem eit kort voice memo-interludium, der lyttaren får høyre Lina dele ein tidleg idé til arrangemnetet av «Vænta på de» med produsenten. Det gir eit direkte innblikk i korleis musikken hennar blir til, og lar lyttaren høyre noko frå før låta blei ein ferdig song.

Så kjem «Vænta på de», som kanskje overraskande nok ligg mot slutten av EP-en. Låta handlar om å ha venta så lenge på noko at ein nesten ikkje veit korleis ein skal møte det når det endeleg står framfor ein. Det kan vere kjærleik, ein draum, ei ny retning eller ei kjensle av å finne heim i seg sjølv. Singelen var den første smakebiten frå Etteklang og blei lista på New Music Friday, Made in Norway og Plata Fredag, i tillegg til at han blei trekt ut til Indigoboom si «Årets Låt 2026»-konkurranse.

Til slutt kjem «Kåmå heim», som avsluttar EP-en og bind historia saman. Songen handlar om å bli eldre, om ønsket om å roe ned og om å forstå kvar ein eigentleg vil høyre til. For Lina peikar svaret tilbake til Vågå – heimstaden og staden ho voks opp.

Slik går Etteklang frå håp → uro → søking → sorg → skapelse → lengsel → heimkomst. Det er nettopp denne rekkefølgen som gjør EP'en til mer enn en samling singler – den blir en sammenhengende historie som er ment å lyttes til fra start til slutt.

Det er også dette som ligg i sjølve tittelen Etteklang: det som skjer forsvinn ikkje nødvendigvis når augneblikket er over. Det held fram med å klinge i oss.

Pressefoto

Coverbilde