← Alle pressemeldingar

27. september 2026

Finaste e har

Lina Haug slepp si mest personlege låt til no: «Finaste e har»

Lina

16. oktober slepper Lina Haug «Finaste e har» – den fjerde og siste singelen før den kommande EP-en Etteklang. Låta handlar om sorg, men aller mest om kjærleik, og om korleis ein kan gå vidare utan å leggje dei ein har mista bak seg.

«Finaste e har» er kanskje den mest sårbare låta Lina har skrive. Med tekst på vågåmål set ho ord på den delen av sorga som kjem etter det aller tyngste – når ein skal lære seg å leve vidare, samtidig som ein framleis ber med seg noko eller nokon som ikkje lenger er der.

– «Finaste e har» er eigentleg ei låt om sorg, men endå meir om kjærleik. Når ein mistar nokon, betyr ikkje det at dei sluttar å vere ein del av livet ditt. Eg ville skrive om at ein ikkje treng å leggje noko bak seg for å klare å gå vidare. Ein kan ta dei med seg, og la kjærleiken og minna etter dei halde fram med å forme ein.

Tittelen «Finaste e har» kjem frå nettopp denne tanken: At sjølv om nokon ikkje lenger er her, kan dei framleis vere noko av det finaste ein har hatt – og framleis har med seg.

Låta fekk òg ei heilt spesiell ramme under innspelinga. I 2025 vann Lina og bandet hennar Jærnåttå Uhøyrt, ein konkurranse som løftar fram nye artistar og band. Som ein del av premien fekk dei spele på Jærnåttå festivalen på Bryne i fjor, og spele inn singel hos Colour Sound Recordings.

Colour Sound Recordings held til i eit tidlegare kapell på Dale, som i dag er gjort om til studio. Det store gamle kapellrommet blei dermed staden der «Finaste e har» fekk form.

– «Det var noko heilt spesielt med å spele inn akkurat denne låta i eit gammalt kapell. Rommet har ein eigen ro og klang, og det kjennest nesten litt symbolsk at ei så personleg låt fekk bli til akkurat der.»

Tittelen «Finaste e har» kjem frå nettopp tanken om at sjølv om nokon ikkje lenger er her, kan dei framleis vere noko av det finaste ein har hatt – og framleis har med seg.

«Finaste e har» blir den siste singelen før Lina slepper Etteklang 23. oktober. Gjennom dei fire singlane har ho vist ulike sider av prosjektet: «Vænta på de» kom med glede, lengsel og håp, «La me finne» blei eit nært samarbeid med Herman Lie, medan «Ro» utforska kjensla av å leite etter ein stad der ein kan gå i land. No kjem «Finaste e har» som den mest sårbare delen av historia.

Singlane har allereie fått merksemd i norsk musikkmiljø, med låtane lista hos både NMF og Platapod, og Lina håpar den siste singelen kan føre musikken vidare ut til endå fleire lyttarar før heile Etteklang er ute.

– «Eg håpar denne låta kan få vera ein liten påminning om at det er lov å gå vidare utan å gå frå nokon. At dei vi har mista framleis kan få vere med oss, berre på ein annan måte.»

«Finaste e har» er ute på alle strøymetenester 16. oktober.

Medverkande

  • Lina Haug RandenVokalist og låtskrivar
  • Jesper Risa EggeGitarist og korist
  • Sigurd Lie SøvoldPianist og korist
  • Kristen Stensgård BratåsBassist
  • Aage HallelandTrommis og korist

Pressefoto

Lina Haug med bandBilde

Metadata

Artist:
Lina Haug
Tittel:
Finaste e har
Format:
Singel
Utgjevningsdato:
16. oktober 2026
Lengd:
03:55
Sjanger:
Norsk pop og visepop
Språk:
Vågå-dialekt (Norsk)
Komponist:
Lina Haug Randen
Låtskrivar:
Lina Haug Randen
Produsent:
Ole Josef Kvalvaag & Lina Haug Randen
Distribusjon:
Indigoboom
UPC:
885288526585
ISRC:
QMDA72688370