← Alle pressemeldingar

24. august 2026

LA ME FINNE

Lina Haug & Herman Lie med duett

Lina og Herman - Sigmund Ruset Sletten

4. september kjem «La me finne», skriven av Haug og Lie saman under studietida ved Universitetet i Agder.

Det som byrja som ei låtskrivingsøkt mellom to medstudentar, utvikla seg til ein song begge ville arbeide vidare med. Låta fann dermed sin naturlege plass på Linas komande EP. Med en varm popproduksjon og to stemmer som utfyller kvarandre handlar «La me finne» om å finne vegen heim – både til ein stad, til eit menneske og til det som formar oss. Gjennom to perspektiv skildrar Lina og Herman korleis røter, minner, tida vi får saman, og menneska rundt oss formar kven vi blir.

– «Vi skreiv denne låta saman på UiA utan å tenkje så mykje på kva ho skulle bli. Men ganske tidleg kjende vi begge at dette var ein song det var verdt å satse på..» seier Lina. For Herman Lie markerer låta den første utgjevinga hans på norsk. Den varme barytonen hans møter Linas vokal i eit uttrykk der moderne bydialekt og vågåmål smeltar saman på naturleg vis. Kontrasten mellom stemmene og dialektane gir duetten eit særpreg som løftar historia fram.

– «Det var spennande å gje ut ein song på norsk for første gong. Dialektane våre er ganske ulike, men nettopp det gjorde at låta fekk sitt eige liv. Eg synest det høyrest ekte ut – som to ulike historier som møtest, men som fortel den same historia.» seier Herman.

Pressefoto

Lina og Herman - Sigmund Ruset SlettenHerman - Sigmund Ruset SlettenLina og Herman - Sigmund Ruset SlettenLina - Sigmund Ruset SlettenLina og Herman - Sigmund Ruset Sletten

Metadata

Artist:
Herman Lie og Lina Haug
Tittel:
La me finne
Format:
Singel
Utgivelsesdato:
4. september 2026
Lengde:
02:46
Sjanger:
Norsk pop
Språk:
Vågå-dialekt (norsk) og Ringeriksdialekt (norsk)
Låtskrivarar:
Lina Haug Randen og Herman Holmboe Lie
Komponistar:
Lina Haug Randen og Herman Holmboe Lie
Produsent:
Ole Josef Kvalvaag
Distribusjon:
Indigoboom