← Alle pressemeldingar

8. september 2026

Ro

Tredje og neste siste singel før slepp av EP'en

Lina med gitar

25. september slepper Lina Haug «Ro», den tredje singelen frå den kommande EP-en «Etteklang». Låta handlar om å miste seg sjølv i alt ein skal vera, og om lengselen etter å finne ein stad der ein kan kjenne at ein høyrer til.

Etter «Vænta på de» og «La me finne» kjem «Ro» som tredje singel frå Lina sin kommande EP «Etteklang». Med tekst på vågåmål set ho ord på noko mange kan kjenne seg att i: kjensla av at alle andre ser ut til å ha funne plassen sin, medan ein sjølv framleis leitar.

Låta opnar med løftet:

«E ska kåmå heim, e låvå / men ha gått me vill ti alt dæ e må gjera og ti tankein som e har»

For Lina handlar «Ro» om å bli så oppteken av alt ein må gjere, alle ein skal vere og alle tankane ein ber på, at ein til slutt kan miste kontakten med seg sjølv.

– «Eg trur mange kjenner på den kjensla av at ein skal ha ting på stell. Ein skal vere flink, vere der for andre og få alt til å gå rundt. Men så kan ein plutseleg oppdage at ein har gløymt å spørje seg sjølv korleis ein eigentleg har det. «Ro» handlar om den kjensla – og om å leite etter ein stad der ein kan gå i land.»

I refrenget kjem lengselen etter noko så enkelt som å kunne kjenne ro:

«Ro, e ha eilder kjent, e ha eilder følt på slik ro»

Med eit organisk poputtrykk og Lina sin karakteristiske Vågå-dialekt, held låta fram det musikalske universet frå «Etteklang». Samstundes har «Ro» ei mørkare og meir sårbar side enn dei to første singlane.

«Etteklang» handlar om det som blir verande – menneske, opplevingar, val og kjensler som held fram med å setje spor i oss lenge etter at augneblikket er over. «Ro» handlar om spora ein sjølv ber på, og om ønsket om å finne ein stad der ein kan vere utan å måtte prestere.

Etter «Ro» kjem «Finaste e har» 16. oktober, før heile EP-en sleppast 23. oktober.

«Ro» er ute på alle strøymetenester 25. september.

Medverkande

  • Lina Haug RandenVokalist og låtskrivar
  • Jesper Risa EggeGitarist
  • Sigurd Lie SøvoldPianist
  • Kristen BratåsBassist
  • Aage HallelandTrommer

Pressefoto

COVER-ART

Metadata

Låtskrivar:
Lina Haug Randen
Komponist:
Lina Haug Randen
Produsent og mixer:
Ole Josef Kvalvaag
Mastret av:
Jan K Hovland
Sjanger:
Pop
Språk:
Vågå-dialekt (Norsk)
UPC:
885288326789
ISRC:
QMDA72619452