← Alle pressemeldingar

14. august 2026

VÆNTA PÅ DE

«Vænta på de» opnar eit nytt kapittel for Lina Haug

Lina Haug med band

14. august slepp låtskrivaren frå Vågå den nye singelen "Vænta på de", den fyrste smakebiten frå den komande EP-en "Etteklang". "Vænta på de" var lista på New Music Friday, Made in Norway og Plata Fredag! Låta vart og trekt ut til Indigoboom sin "Årets Låt 2026" konkurranse. Stem her: https://www.indigoboom.no/stemher

Etter fullført bachelorgrad i utøvande rytmisk musikk, låtskriving, er 22 år gamle Lina Haug

klar med sitt mest gjennomarbeidde prosjekt til no – EP-en Etteklang. Gjennom fleire låtar

utforskar ho korleis menneske, opplevingar og val held fram med å prege oss lenge etter at dei

har skjedd. «Vænta på de» er det første glimt inn i dette musikalske universet.

Med eit fengande gitarriff, eit organisk poplandskap og tekst på vågåmål er «Vænta på de» ein

song om glede og det å våge å tru at noko godt er på veg. Låta rommar kjensla av å ha venta på

noko som endeleg har kome – anten det er eit menneske, ei ny retning i livet eller ei kjensle av

å finne dit ein høyrer til.

Som på dei tidlegare utgjevingane har Lina med seg det faste bandet sitt og produsenten – eit

musikalsk samarbeid som har vore med på å forme uttrykket hennar dei siste åra.

– «Eg trur vi alle har opplevd å lengte etter noko så lenge at vi nesten ikkje veit korleis vi skal

møte det når det først kjem. Vænta på de handlar om den kjensla når det du har håpa på

endeleg står framfor deg. Då er det lett å byrje å tvile på om du er god nok for det – anten det

er eit menneske, ein draumejobb eller ei ny moglegheit. Plutseleg betyr alt så mykje at ein blir

litt sett ut, litt usikker, og må finne ut korleis ein skal navigere i det. For meg handlar låta om

den lengselen, men òg om håpet om at ein faktisk er verdig det ein har venta på.»

Gjennom hausten slepper Lina Haug fleire singlar før Etteklang kjem ut i sin heilskap.

«Vænta på de» vart tilgjengeleg på alle straumetenester 14. august.

Medverkande

  • Lina Haug RandenVokalist og låtskriver
  • Jesper Risa EggeGitarist
  • Sigurd Lie SøvoldPianist
  • Kristen BratåsBass
  • Aage HallelandTrommer
  • Kardo KiisSaksofon

Metadata

Artist:
Lina Haug
Tittel:
Vænta på de
Format:
Singel
Utgjevningsdato:
14. august 2026
Lengd:
03:32
Sjanger:
Norsk pop
Språk:
Vågå-dialekt (Norsk)
Komponist:
Lina Haug Randen
Låtskrivar:
Lina Haug Randen
Produsent:
Ole Josef Kvalvaag
Label:
Lina Haug Randen
Distribusjon:
Indigoboom
UPC:
885288031881
ISRC:
QMDA62601952